Helgestilling som jordmor/jordmorstudent at Helse Bergen


Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar?
Vi søkjer etter jordmødre/jordmorstudentar som ønskjer å jobbe helg. Fødeseksjonen ved Kvinneklinikken har om lag 4600 fødslar årleg. Vi har tre fødeeiningar: Føde A, Føde B og Føde C-Storken. Føde A har ansvar for dei kompliserte fødslane, gravide som blir innlagd i svangerskapet og ei barseleining i 2.etasje, der kvinner og nyfødde med komplikasjonar etter fødsel blir tatt vare på. Føde C- Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining. Føde B er også ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Utviklinga av dei tre kombinerte einingene er ein del av organisasjonsutviklinga fram mot flytting til Glasblokkene i 2023. Kvinneklinikken er såleis inne i ei svært spennande tid med fokus på utvikling og førebuing til flyttinga.
Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødre/jordmorstudentar som ønskjer å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg og som har interesse for heile fagfeltet. Det er tett samarbeid mellom dei 3 føde og barselseksjonane, og både faglege og administrative oppgåver blir utført i samhandling med dei andre einingane.
Vikariata er for inntil 12 månader med mogleg forlenging og kan vere mellom 15 - 20% stilling. Oppstartsdato etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiefagleg ansvar for føde-barselkvinner

Kvalifikasjonar
  • Må ha norsk autorisasjon som jordmor eller sjukepleiar som har påbyrja jordmorstudiet
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Remember to mention that you found this position on Careerland